Berit Håpoldøy & Erlend Styve
To røyster, ein felles musikkskatt og ein kjærleik frå ei svunnen tid!
Berit Håpoldøy og Erlend Styve inviterar til konsert der publikum får høyra kjende og kjære songar frå 50- og 60- talet, formidla med nærleik , speleglede og personleg preg!

Ei stemningsfull konsertoppleving med Berit Håpoldøy og Erlend Styve , med kjærleik til populærmusikken frå 50- og 60 - talet !
Berit Håpoldøy og Erlend Styve har dei siste åra hatt eit musikalsk samarbeid og spelt ei rekkje konsertar.
Dei har eit lidenskapleg forhold til populærmusikken frå 50 -og -60 talet.Det er frå denne kjelda dei auser når dei er ute og spelar! Her får du høyre låtar frå Everly Brothers, Elvis,Jim Reeves, Salhuskvintetten og Ivar Medaas for å nemne nokre. Berit tek og nokre låtar på torader om det er stemning for det.
Berit er frå Herdla. Ho syng og spelat gitar og torader. Dei ti siste åra har dette vore levebrødet hennar.
Erlend er frå Voss, spelar gitar og syng. Han har gjennom ei årrekke vore aktiv utøvende musikar med ulike musikalske prosjekt. I over 20 år med eigen trio "twang gang"og folkemusikkgruppa "Kvarts" som han har hausta to spelemannsprisar med. Har ellers samarbeidd med artistar som Olav Stedje, Finn Tokvam og Jonas Fjeld.
Restriksjoner
18 års aldersgrense
Ansvarsfraskrivelse
standard