Line Dybedal
Fredag 25. september 2026
Kl. 19.00
Huldri Galleri, Førde
Informasjon
🎶 Line Dybedal // Huldri Galleri
Velkomen til ein stemningsfull intimkonsert med prisvinnande Line Dybedal.
Med ei varm og klår stemme, ektefølte tekstar og vakre melodiar tek Line publikum med på ei musikalsk reise der natur, hav og menneskelege kjensler står i sentrum.
Musikken hennar har vore mykje spelt på NRK P1 og P3, fått strålande kritikk med terningkast 5 og 6, og ho vart kåra til Årets artist under Luttprisen 2023.
Dette blir ei nær og unik konsertoppleving i dei intime omgjevnadene på Huldri Galleri.
🎟 Billett: 320,-
Restriksjoner
Billettar blir ikkje refunderte, med mindre arrangementet blir avlyst.
Ansvarsfraskrivelse
Arrangøren tek atterhald om eventuelle endringar i programmet.